Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Tilbod > Gratis digitale aviser

Gratis digitale aviser

I Pressreader får du gratis tilgong til over 7000 aviser og tidskrifter frå omtrent 100 land og på over 60 språk. Logg deg inn via det digitale lånekortet ditt eller kom til biblioteket, last ned og les. Avisene kan lesast på PC-ane våre eller på eige nettbrett eller smarttelefon, med appen PressReader. Avisene må lastast ned medan du er på biblioteket. Etterpå kan du lese dei heime eller andre stader. Tilgongen varar i 7 dagar.

PressReader gir deg komplette digitale kopiar av aviser og tidsskrift for lesing på PC, nettbrett og smarttelefonar.

Vel mellom over 6000 aviser og tidsskrift frå meir enn 125 land på 60 ulike språk. Det er i alt ca. 150 norske tidsskrifter i tenesta. Av norske aviser finn ein mellom anna Bergens TidendeAftenposten, Stavanger Aftenblad og Dagbladet.

Loggar du deg inn via det digitale lånekortet ditt har du alltid tilgong til Pressreader.

Dersom du er pålogga det trådløse nettet vårt får du automatisk tilgong til Pressreader. Du har òg tilgong til tenesta  i 7 dagar i ettertid. Med PressReader kan du lese aviser og tidsskrift frå perm til perm, akkurat slik dei vart trykt.

 

Korleis får eg tilgong til PressReader?

Bibliofil app på telefon/nettbrett eller innlogging via det digitale lånekortet ditt:

1. Last ned bibliofil-appen der du vanlegvis lastar ned appar.

2. Logg deg inn med lånenummer og pin-kode

3. Du vil finna Pressreader under digitale tenester.

Med denne løysinga treng ein ikkje vera innom bibliotekets wi-fi nettverk for å få tilgong.

Pressreader app:

På nettbrett og smarttelefoner og pc-ar med Windows 8.1 eller nyare:

1. Kople til biblioteket sitt wi-fi-nettverk

2. Last ned PressReader-appen der du vanlegvis lastar ned appar.

3. Start appen medan du er i biblioteket, og du vil automatisk bli kopla til biblioteket sitt HotSpot.

 

På andre datamaskinar:

1. Kople til biblioteket sitt wi-fi-nettverk.

2. Gå til www.pressreader.com 

No har du fri tilgang til PressReader på biblioteket og i 7 dagar etterpå. Du kan lese aviser og tidsskrift medan du er pålogga. Du kan enten lese publikasjonen i originalformatet, eller klikke/tappe på sida og lese i SmartFlow – ei horisontal vising som gjer lesing enkel på alle skjermar.

 

Korleis laster eg ned aviser og tidsskrift? 

Finn det du vil lese. Du kan bla i lister sortert etter type publikasjon, utgjevarland, kategori eller språk, eller du kan søkja i søkjefeltet oppe til høgre på sida. Du opnar ei liste ved å klikke eller tappe på ho. (Når du brukar nettlesar og ikkje app, må du peike i ei liste, holde venstre museknapp inne og dra opp eller ned i lista for å bla).

Du laster ned ein publikasjon ved å klikke eller tappe på han og velge Download, eller å tappe direkte i sirkelen med nedoverpil.

Norsk rettleiing (pdf).