Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Bokbussen

Bokbussen

Vel møtt til bokbussen for store og små.  Her er bokbussruta for vårsesongen. Vi gler oss til å møte dykk alle igjen på bokbussen.,

Bokbussruta våren 2024

Om bokbussen

Bokbussen er eit bibliotek på hjul. I tillegg til bøker, er det eit kulturtilbod ute på bussen, kanskje kjem ein skodespelar eller forfattar med bokbussen. Bokkafe, songstund , figurteater og lesestund er anna tilbod vi har ved ujavne mellomrom. I vår kan du på nokre stopp få besøk av bokafe-bussen, som er eit prosjekt støtta av Nasjonalbiblioteket der vi prøver ut kveldsstopp med litt underhaldning.

Bøker du ikkje finn på bokbussen, kan bibliotekaren skaffa. Alt utlån er gratis og vanleg lånetid er 4 veker. Lånetida kan forlengjast dersom ingen andre står på venteliste. Lånekort får du på bussen. Det same kortet kan brukast på biblioteket på Husnes. Hugs å ta med kortet kvar gong du vil låne. Bokbussen har eigne åpningstider som følgjer bokbussruta.

Bokbussen er innom 15 skular og 14 barnehagar. Den har også fleire stopp i dei ulike bygdesentra i kommunen. Bussen bringer og henter depot av bøker og lydbøker på aldersheimar og helsestasjonar. Bokbussen i Kvinnherad har eit veldig høgt utlån, i gjennnomsnitt 3000 pr månad den er på vegen. I 2015 hadde  den eit utlån på over 33 000.  Bokbussen følger skuleruta og køyrer dermed ikkje i skuleferiane. Men om sommaren kan det vere at vi køyrer ei spesiell sommarrute til båtahamnar og andre bygdesentrum. Følg med på heimesida for informasjon.
Vanleg besøk på bussen er ca  1500 pr månad. Kvinnherad kommune er ein stor og langstrakt kommune, og er som skapt for bokbussdrift. Det er ingen filialar igjen. Det er kun hovudbibliotek på Husnes og bokbussen som gir alle bygdene eit bibliotektilbod.

Tinging av Bokbussen til ulike arrangement

Bokbussen kjem gjerne på festival. Ynskjer du å ha Bokbussen til stades på ditt arrangement, ta kontakt med Kvinnherad bibliotek på telefon 53 48 27 70 eller e-post