Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Tilbod > Lån e-bøker

Lån e-bøker

Vi låner ut e-bøker og e-lydbøker i appen BookBites.

Korleis gjer eg det?

Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, kontakt biblioteket, sjå info under videoen. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les

Treng du hjelp?

Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites.

Finn du ikkje lånekortet eller har gløymt lånenummeret, ta kontakt med biblioteket ring 53 48 27 70 (mellom 10 og 15) eller send oss ein e-post.  Send ein e-post til bibliotek@kvinnherad.kommune.no 

Har du gløymt pinkoden din, kan du få ny her

 

Innlogging i Boobites via Feide

Alle skuleelevar i Kvinnherad har frå no av tilgang til å bruke Feide som pålogging i staden for lånekort og pin-kode i Bookbites.

Bokhylla.no

Du kan også finne ebøker i samlinga til Nasjonalbiblioteket.