Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Tilbod > Skular og barnehagar

Skular og barnehagar

Vi har mange tenester retta mot skular og barnehager. Vi tilbyr mellom anna klassebesøk med forfattar og bibliotekar, vi set saman bokkassar og vi tilbyr ulike lesestimuleringstiltak som til dømes eventyrstund og «bokkoffertar» Nytt i 2016 var Leseknappen, eit lesestimuleringstiltak for 3. klassingane i kommunen. Dei fleste skulane takka ja til tilbodet og var på eit kjekt besøk på biblioteket i april.

Besøke biblioteket

Vi tek i mot barnehagar og skuleklassar på besøk. Vil de ha eit spesielt opplegg eller treng oppfølging – ta kontakt med biblioteket i god tid for å avtale tid.

Bruk Bokbussen

Bokbussen vitjar 16 skular og 14 barnehagar i Kvinnherad kommune. For å leggje til rette for eit godt tilbod, er biblioteket avhengig av eit godt samarbeid med skular og barnehagar.

Ring hovudbiblioteket (53 48 27 70)  dersom de vil tinga bøker. Er det mange bøker det er snakk om, t.d. til ein stor klasse, gje oss litt tid til å finna dei.  De kan både henta og levere på Bokbussen.

Bokbussen følgjer skuleruta og køyrer dermed ikkje i skuleferiane.

Bokkoffertar til barnehagar og småskule

Ein bokkoffert er ein koffert med ei billedbok og leiker og gjenstandar som passar til boka. Bokkofferten visualiserar og gjev liv til leseopplevinga. Den bidreg til samtale, leik, refleksjon og samspel mellom barna, og mellom barn og vaksen.

Desse bokkoffertane kan du låne frå oss :

  • Heng i, Albert Åberg;
  • Petra skal til tannlegen;
  • Plass bakpå kosten ;
  • Karius og Baktus;
  • Geitekillingen som kunne telle til ti;
  • Frosken finn ein venn;
  • Sov godt, Veslebjørn;
  • Mamma Mø leser.

Lesekroken

Lese-lytte- ordlotto- fargelegge norske eventyr. Me abonnerar på lesekroken – ei teneste med eventyr på 19 språk.  Ta kontakt med biblioteket så får din skule eller barnehage passord. Om Lesekroken på lesekroken.no