Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Biblioteket sine digitale tenester

Biblioteket sine digitale tenester

AKTUELTpublisert 18.03.2020

Biblioteket har fleire digitale tenester. Alle tenestene våre er gratis og open for alle å bruke. Sjekk ut kva vi har, og ikkje ver redd for å spørje om hjelp. Vi hjelper gjerne.

Biblioteket sine digitale tenester:

Lån e-bøker og e-lydbøker i appen Bookbites Last den ned fra Google Play eller App Store og logg inn med lånenummer og pin-kode. Les meir om Bookbites her 

Verdensbiblioteket finn du e-bøker og lydbøker på fleire av dei store minoritetsspråka i Norge. Bøkene er tilgjengelege for strømming gjennom tjenesten. 

Finn digitaliserte bøker, aviser, tidsskrifter osv. i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket.

Filmoteket

   

Sjå film- vi har 2 gratis tilbod

  1. 1. Strøym gratis film gjennom Filmoteket. Logg inn på filmoteket med lånenummer og pin.  Les meir om Filmoteket  her  

2. Dokumentar- og kortfilmar i Filmbib. Logg inn med lånenummer og pin-kode.


Lesekroken.no her finn du eventyr og aktiviteter på mange språk. Ta kontakt med biblioteket på e-post for å få passord: bibliotek@kvinnherad.kommune.no 

Karanteket: mange gratis digitale bibliotektilbod frå biblioteka

Podkast – sunnibpodden

Nytt spennande prosjekt der dei åtte biblioteka i Sunnhordland til no har publisert 5 litterære podkastar.

Lenke til sunnbibpodden

TRENG DU HJELP?

Hugsar du ikkje pin-koden din, då kan du få ny her: Ny pinkode

Har du gløymt lånenummeret ditt: send e-post til: bibliotek@kvinnherad.kommune.no

Har du ikkje lånekort, kan du no laga ditt eige digitale nasjonale lånekort på nett. Du kan lese meir om det her, eller gå rett til registrering her. Tenesta krev at ein identifiserer seg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, m.fl.).

Kontakt oss gjerne om du treng meir hjelp, e-post: bibliotek@kvinnherad.kommune.no  eller på mesenger eller  tlf. 53 48 27 70