Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Filmoteket – ei gratis strøymeteneste frå biblioteket

Filmoteket – ei gratis strøymeteneste frå biblioteket

AKTUELTpublisert 15.04.2020

Sjå film lovleg, trygt og enkelt gjennom biblioteket si nye straumeteneste Filmoteket. Heilt gratis.

Slik gjer du: 

  • Gå til  Filmoteket.no. og opprett ein brukar. Registrer e-postadresse, ditt nasjonale lånenummer og tilhøyrande pinkode.
    Ditt nasjonale lånekort må vere registrert med Kvinnherad bibliotek som heimebibliotek. Du må verifisere e-posten din etter at du har registrert deg.
  • Har du ikkje eit nasjonalt bibliotekskort? Registrer deg her.
  • Har du gløymt pin-koden din, då kan du få ny her
  • Treng du hjelp, kontakt biblioteket på epost: bibliotek@kvinnherad.kommune.no eller på telefon 53 48 27 70

Utlånstid og tal på lån:

  • Du kan låne 8 filmar pr. månad.
  • Filmen er tilgjengeleg i 48 timer og den kan strøymas fleire gongar.

Filmen kan sjåast på PC, Mac, nettbrett og smarttelefonar på Windows, iOS og Android og i alle kjente nettlesarar. Filmen kan og enkelt overførast til størreskjerm, til dømes TV via AirPlay og Chromecast. Filmtilbodet er tilgjengeleg når som helst og kvar som helst.

På Min side får du oversikt over favorittar, lånehistorikk og tal på lån som er brukt og kor mange lån du har igjen i månaden.

Spørsmål og svar om Filmoteket

Filmtjenesten vert levert og drifta av Norgesfilm AS.