Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Lokalhistorie > Kvinnheradsforfattarar > Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) er fødd i Bergen, men vaks opp på Husnes og er i dag busett på Halhjem i Os. Han skriv for barn og ungdom.
Barnebøkene hans har fått eit stort publikum.

Han debuterte i 1999 med «Pode», som har vorte følgd opp med tre snodige bøker til, alle illustrert av Øyvind Torseter. Også dei tre bøkene i grøssarserien Svarte-Mathilde har vorte svært populære. Også ungdom set pris på bøkene hans, som spenningsbøkene «Gamer» (2011), «Snatch» og «Soledad» (begge 2014), som alle tek opp i seg element av trivialkultur som ungdom er fortrulege med – musikk, filmar, bøker og ikkje minst dataspel. For boka «Gamer» fekk han i 2012 prisen Ordknappen.

På forfattaren si heimeside finn du mykje stoff om bøkene hans.

Tor Arve Røssland intervjua av Jon Ewo