Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Lokalhistorie > Kvinnheradsforfattarar > Roald Kaldestad

Roald Kaldestad

Roald Kaldestad er son til Per Olav Kaldestad, og er både musikar og forfattar. Dei fleste ungar kjenner Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, Reven Ruben og Polkagrisen. Dei to første går framleis som høyrespel på NRK Super.

roaldkaldestad heavykatten
Roald Kaldestad – til venstre på biletet (foto: Trude Hege Bergesen)
269 dager
Foto: Magikon/Bjørn R. Lie

Roald Kaldestad (f. 1972) er utdanna cand.philol. med engelsk, musikk og kunsthistorie fra Universitetene i Oslo og Bergen. Han debuterte som forfattar i 2000 med barneboka Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Kaldestad er også musikar; han spelar gitar, laud, banjo og mandolin. Han har spelt mykje med Sigrid Moldestad, Magnet og Odd Nordstoga, i tillegg til fjorten år som lyrisk tenor i Storm Weather Shanty Choir. Han har også laga/produsert og turnert med fleire framsyningar for DKS/Rikskonsertene de siste sju åra. I 2016 vitja han Kvinnherad bibliotek under Kvinnherad kulturfestival med framsyninga Heavykatten til stor jubel frå dei mange frammøtte barna. Den nyaste boka hans er den vakre biletboka «269 dagar»

De siste åra har han vore kunstnerisk leiar for den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu.