Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Lokalhistorie > Kvinnheradsforfattarar > Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage er den mest kjende av dei nolevande kvinnheradforfattarane.

Torunn N/Oktober 4
Torunn N/Oktober

Lars Amund Vaage (f.  1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad. Han debuterte i 1979 med den sosialrealistiske soldatromanen «Øvelse Kald Vinter». Den neste boka, «Fager kveldssol smiler» (1982) var meir eksperimentell i forma og vart eit litterært gjennombrot. Sidan då har det følgd ei lang rekkje barnebøker, lyrikk og romanar, gjerne med eit poetisk språk. Særleg kan nemnast kunstnarromanen «Rubato» (1995), som han han fekk  Kritikarprisen for. I boka «Den framande byen. Ein roman om Wilhelm Reich» (1999) gjer han ein freistnad på å sjå Reich frå vrangen. Nemnast må også «Kunsten å gå» (2002) og  «Utanfor institusjonen» (2006), ei urovekkjande skildring av livet på ein psykiatrisk institusjon.

Lars Amund Vaage har også skrive skodespelet «Baronen» (1987), som har vore oppført årleg på Baroniet i Rosendal.

For forfattarskapen sin har Lars Amund Vaage fått fleire prisar, Kritikarprisen, Aschehougprisen, Gyldendalprisen, Doblougprisen.  Han fekk Brageprisen og P2-lyttarprisen  i 2012 for boka Syngja. Syngja er ei sterk bok om å leva med eit autistisk barn. Den nyaste boka hans er essayet «Sorg og Song» som er ei litteraturbiografisk bok der han drøftar korleis opplevingar kan gjerast om til språk og litteratur.

Han har også vore Festspeldiktar under Festspillene i Bergen 2001 og festspeldikter ved Dei Nynorske Festspela i 2008.

Les meir om Lars Amund Vaage på Allkunne.no