Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Låne e-bøker?

Låne e-bøker?

Frå 1. juli 2019 kan du berre bruke BookBites-appen til å låne e-bøker og digitale lydbøker frå biblioteket vårt. Du kan du ikkje lenger nytte eBokBib til å låne frå oss.

Korleis gjer eg det?

Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les

Treng du hjelp?

Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites

Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp. Send e-post til: bibliotek@kvinnherad.kommune.no

Har du gløymt pinkoden din kan du få ny her