Den mest kjende staden i Kvinnherad er sjølvsagt baroniet i Rosendal. Slottet vart opphavleg bygd i 1660, og var fram til 1870 eit av dei største jordegodsa i landet. Hovudbygningen og prydhagen er i dag eigd av Universitetet i Oslo. I Kvinnherad kyrkje, ikkje så langt unna, ligg den første baron Ludvig Rosenkranz, familien hans og seinare baronar balsamert i gravkapellet. Kyrkja er frå 1255. Ænes kyrkje i nord er frå litt før 1200. Begge kyrkjene er bygde i stein.
Frå mellomalderen er også Halsnøy kloster, som vart grunnlagd i 1164 av Erling Skakke, med ruinar, hageanlegg og gardshus i bygdeempire, bygd av stein frå ruinen av kyrkja. Eigedomen er eit av dei største gardsbruka i fylket. Det finst også fleire museer og bygdetun i kommunen. I Rosendal er det eit skipsbyggingsmuseum, og det er samt større og mindre bygdetun på Gjerde i Mauranger, samt i Omvikdalen og på Kirkhus.
Kvinnherad kommune vart oppretta i 1837, då det lokale sjølvstyret vart innført. Med unnatak av ei mindre endring av grensa mot Tysnes i 1907 var kommunegrensene uendra fram til 1964, då det meste av den tidlegare Varaldsøy kommune vart lagt til Kvinnherad, saman med Fjelberg kommune, samt områda på nordsida av ytre del av Åkrafjorden frå Skånevik kommune. I 2013 vart kommunegrensene justert på nytt, slik at Kvinnherad no grenser til Fusa og Kvam i nordvest, Jondal i nord, Ullensvang i nordaust, Odda i aust og Etne i søraust.
Kommunevåpenet vart godkjend i 1982 og er eit blått gaffelkors danna ved bølgesnitt, mot sølv bakgrunn – eit symbol på dei mange elvane i kommunen.
•Oversikt over lokalhistorisk litteratur frå Kvinnherad kommune
•Søk i biletbasen til Kvinnherad folkebibliotek
•Kvinnherad sogelag