Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Arrangementer > Fru Natt – teater for barn
02.02.2023 Kl. 17:00
Fru Natt - teater for barn
Arrangement

Stemningsfull teater for barn over 3 år på biblioteket. Av og med skodespelar Maria Rønhovde.

Dato / tid
02.02.2023, 17:00, - 17:30

Selma får ikkje sove, ho er redd for mørket. Ein kveld vert det annleis, Fru Natt har gøymt noko under senga til Selma.

Det viser seg at natta kan innehalde mykje meir enn berre mørke. Dette er ei innhaldsrik og varm framsyning med leik, musikk og spennande rekvisittar i fokus.

Skodespelaren brukar få ord, så den passar alle barn uavhengig av språkforståing.

Varer i 30 min.
Aldersgruppe: frå 3 år
Gratis