Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Lesebingo for vaksne

Lesebingo for vaksne

AKTUELTpublisert 21.10.2023

Lurer du på kva di neste bok skal bli? Kvinnherad bibliotek har val-strategien klar til deg – Bli med på lesebingo! Eit fullt bingobrett gjev totalt 10 lodd i trekkinga om fine premiar. Frist for innlevering av bingobrett, utfylt med namn og mobil, er 20. desember. Bingobrett kan hentast på biblioteket eller lastast ned frå lenka i dette innlegget.

LeseBingo

 

Av og til er det vanskeleg å vite kva den neste boka skal bli når forrige bok er lest. Lesebingo er ein artig måte å finne nytt lesestoff. Kanskje du til og med oppdagar ei skjult perle.

God bok og lukke til!