Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Arrangment > Haustferie-gøy på biblioteket

Haustferie-gøy på biblioteket

AKTUELTpublisert 04.10.2023

Dagsprogram Harry Potter-dagen

Om du lurer på kva du skal gjere i haustferien er det eit godt tips å ta seg ein tur på biblioteket. Her er det program for barn måndag til fredag.

Det heile startar på måndag kl. 1300  med eit gjensyn med populære Askeladden friteater. Dei kjem no med eit heilt nytt stykke: Ridder Aske møter trollet. Denne famileframsyninga passer frå 3 år og oppover.

tysdag kl. 1100 og 1200 er det to opne framsyningar med  figurteateret Hønene på Holmedal. Her kan du oppleve Vera, Fiken, Fiola og resten av Hønene på Holmedal og vi lover ei svært humoristisk og kaklande stund.  Det er kun plass til 15 stk på kvar framsyning, så her er det først til mølla. Påmelding sendast på biblioteket på e-post: bibliotek@kvinnherad.kommune.no Barnehagar har fått eigne framsyningar, så vi ber om at dei ikkje melder seg på til dei opne framsyningane på tysdag.

onsdag er det den store Harry Potter-dagen- med magisk program frå 10:15 og utover. Av programmet kan vi nemne: magileksjon i Herbologi, brevsending, hussortering, lag din eigen tryllestav, smaksprøver på eige ansvar, lego-stasjon og mykje meir. Me oppmodar alle som kjem om kle seg i sitt finaste kostyme frå Harry Potter-universet.

torsdag 1030-1500  vert det Hobbyverkstad med Hilde Gry, der ein kan lage seg brette-pinnsvin- og mus og fidget-popup.

Og til sist, på fredag vert det speledag med m.a Fifa-turnering frå 1200-1400. Meld på til bibliotek@kvinnherad.kommune.no