Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Digitale kjelder – eit enklare liv
Tor Bringedal. Foto

Digitale kjelder – eit enklare liv

AKTUELTpublisert 07.10.2019

Tilgangen på digitaliserte kjelder har vore heilt avgjerande for at eg har kunna skriva tre lokalhistoriske bøker dei siste åtte åra, skriv Tor Bringedal. I denne artikkelen gjer han greie for korleis han nyttar kjelder i sitt lokalhistoriske arbeid.

Utgangspunktet

Mitt første møte med arkivverket hadde eg på Riksarkivet i 1973 medan eg var i Kongen si teneste. På denne tida hadde Riksarkivet enno lokale i Oslo sentrum, i det gamle bygget til Noregs Bank. Her brukte eg mykje av fritida mi i forsvaret til å skriva av folketeljingane frå 1865 og 1891 for heimbygda mi. «Heldigvis» budde det ikkje svært mange personar i bygda mi på 1800-talet, så det var ei overkomeleg oppgåve.

Kjeldearbeid i dag

Etter den tida har vilkåra for å arbeida med kjelder endra seg radikalt. I dag kan eg sitja heime i mi eiga stove og finna fram til dei same opplysningane med nokre få tastetrykk på datamaskina. Mange som ønskjer å gå til kjeldene, bur langt borte frå dei aktuelle arkiva, og arkivarbeid var tidlegare både tidkrevjande og kostbart. Data og digitalisering har verkeleg revolusjonert vilkåra for kjeldegransking og har gjeve slektsforskarar og lokalhistorikarar eit langt enklare liv. Og like viktig; digitaliseringa har opna eit spanande univers, der kven som vil kan leita opp opplysningar om næraste slekta, eller dei kan få eit tidsbilete av nærområdet sitt. Det er ingen tvil om at digitaliseringa har skapt auka interesse for fortida vår.

Digitalarkivet

Digitalarkivet må reknast som den mest markante publiseringskanalen. Det starta opp som eit samarbeid mellom Statsarkivet i Bergen og Historisk institutt ved Universitetet i Bergen i 1998, Og omfanget av kjelder som er lagt ut, aukar stadig. I dag sit mange og ventar på neste store «slepp» frå Digitalarkivet: Folketeljinga frå 1920, som vert tilgjengeleg neste år. Men Digitalarkivet er mykje meir enn folketeljingar. Her finn vi også dataregistrerte kyrkjebøker, skifteprotokollar, pantebøker og emigrantlister. Alle vesentlege kjelder for dei historieinteresserte.

Avisarkiv

I dei seinare åra har vi fått eit viktig tilskot av digitalisert kjeldemateriale gjennom at mange aviser har digitalisert utgåvene sine. Dette gjeld også små lokalaviser. Og når kyrkjebøker og folketeljingar set stopp for innsyn i nyare data enn 60 og 100 år, kan mange aviser vera til hjelp med opplysningar som elles er å finna i kyrkjebøkene.  Medan kjeldene i Digitalarkivet kan studerast utan kostnad, krev nokre aviser abonnement for å gje tilgang til sine digitaliserte arkiv.

Folkebiblioteka har gjennom Nasjonalbiblioteket fått utvida tilgang til avisene sine historiske arkiv, som du kan bruke i biblioteka. (Det er ulike passord kvar dag, og du må møte i biblioteket for å få det.) Ein del av dei digitaliserte avisene i Nasjonalbiblioteket si avissamling er fritt tilgjengelege.

Den norske kyrkja i kvar kommune har digitalisert oversikter med opplysningar om personar som er gravlagde på kyrkjegardane i kommunen. Her finn ein fødselsdato, dødsdag og gravferdsdag.

Fotoarkiv

Digitalisering av fotografi er eit viktig tilskot til eit lettare liv for historieinteresserte. Nasjonalbiblioteket har ein eigen nettstad for foto, Universitetet i Bergen har gjort mange fotografi tilgjengelege gjennom MARCUS. Mange bibliotek har si eiga digitale fotosamling, mellom andre Kvinnherad bibliotek. Kvinnherad bibliotek si biletsamling finn du her.

Skriving av lokalhistoriske bøker

Tilgangen på digitaliserte kjelder har vore avgjerande for at eg har kunna skriva tre lokalhistoriske bøker dei siste åtte åra. Det er ikkje mogeleg å tenkja seg at dette kunne vore gjort på denne tida, og med eit så breitt kjeldegrunnlag, utan at tilgangen på digitaliserte folketeljingar, kyrkjebøker, tinglysingar, skiftemateriale, pantebøker, aviser og fotografi hadde vore så lett tilgjengeleg.

Her kan du sjå kva for bøker av Tor Bringedal som finst i Kvinnherad bibliotek si samling.

Kvinnherad kommune

I arbeidet med dei to bøkene om Kvinnherad kommune har hovudvekta lege på den politiske utviklinga i kommunen. Her har det digitaliserte materialet som Statistisk Sentralbyrå har lagt ut, vore heilt avgjerande for resultatet. Tilgangen på data om kommunevala tilbake til tidleg på 1900-talet, historisk nasjonalrekneskap, prisutvikling og oversikt over sysselsetjing og løn var vesentleg for å skildra ei utvikling i Kvinnherad kommune frå 1837 – 1965. Det same gjeld matriklane frå 1838 og 1886 som vi også finn hos SSB.

Vestlandsk sjøfart

I tillegg til kommunalhistorie har underteikna arbeidd mykje med vestlandsk sjøfart siste i halvdelen av 1800-talet. Bergen var sentral for sjøfarten i denne perioden, og Bergen byarkiv har digitalisert noko av det omfattande kjeldematerialet for sjøfarten som arkivet sit på. Her vil eg berre peika på Nordlandshandelsarkivene, som gjev eit spennande innblikk i «Pris Courant over ind og udgående Varer fra Nordlandene». Der kan vi følgja prisutviklinga  på alle dei vanlegaste varene inn og ut frå Bergen frå 1840-talet.

Kva no?

Det ligg alt i dag store mengder data tilgjengeleg på nettet, og tilfanget aukar kraftig. Den siste utviklinga av Digitalarkivet vert lansert i desse dagar. No vert det opna for at museum, bibliotek og andre institusjonar sjølve kan lasta opp og leggja til rette sitt kjeldemateriale. Løysinga baserer seg på skanna eller digitalt fotografert papirbasert arkivmateriale, som protokollar, brev, dokument og bøker. Dette er spennande, og opnar kanskje for at frivillige lag og organisasjonar kan få ei god løysing på ei stor utfordring. I dag er det mange som slit med å ta vare på historisk viktig materiale.