Utskrift med Princh

Bilderesultat for princh

Kvinnherad Bibliotek bruker utskriftsløysinga Princh. Du kan skriva ut frå eigen PC, publikums-PC, nettbrett eller telefon (iOS, Android) og betala for dine utskrifter på nettet.

Pris for utskrift:

A4 Svart/kvit kr 5,-  pr. side.

A4 Farge kr 10,- pr. side.

A3 Svart/kvit kr 10,- pr. side.

A3 Farge kr 15,- pr.side.

 

Bibliotekets unike ID-nummer: 100886

 

Korleis skriva ut frå publikums-PC eller eigen PC?

Gå til nettsida print.princh.com. Skriv inn den 6-sifra koden til skrivaren, last opp dokumentet og juster innstillingane for utskrifta. Til slutt veljer du betalingsmåte. Du kan velje å betale direkte med Visa eller Mastercard, å benytte MobilePay eller bestille utskrift (betale i skranken). Utskriftene vil komme direkte ut om du vel kortbetaling. Vel du kontantbetaling må ein ansatt i skranken ta imot betalinga for å «frigje» dokumenta.

Korleis skriva ut frå nettbrett eller mobiltelefon?

Last ned og installer appen Princh frå App Store eller Google Play. Når du har installert appen kan du skriva ut eigne lokale filer på din telefon eller nettbrett. Betaling foregår på samme måten som over.

NB! Valet med å bestilla utskrift og betale i skranken kan kun gjerast når biblioteket er bemanna. Under meiropent må betalinga skje på nettet eller i appen.

Sjå informasjonsvideo for å læra meir om korleis Princh fungerer: