Samarbeid i Sunnhordland
Sunnhordland er eit distrikt i den sørvestlege delen av Hordaland fylke, som i dag omfattar dei åtte kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Sunnhordland har 63 680 innbyggjarar (1. januar 2014) og eit samla areal på 2 860 km². Regionsenteret er byen Stord. Dei åtte kommunane i Sunnhordland samarbeider for å gje innbyggjarane best mogleg bibliotektilbod.
Logoen er ein stor S for Sunnhordland av flagrande bøker! Vi samarbeider nært om ei rekkje ting som kjem deg som brukar til gode og gir kvar kommune i Sunnhordland eit betre bibliotek.
Biblioteka som er med i samarbeidet er Austevoll, Bømlo, Etne, Kvinnherad, Sveio, Stord, Tysnes og Fitjar. Vi er ulike, og vi som jobbar i desse biblioteka har ulik kompetanse, men nett det er ein styrkje.
Samarbeidet har vart i ei rekkje år, og vi jobbar alle godt i lag for å skapa betre bibliotektenester til alle i Sunnhordlandsregionen.
Vi har for tida 2 store prosjekt støtta av Nasjonalbiblioteket:
- «Me snakkast» – avsluttas i 2016
- «8 bibliotek – 8 turnear» – arrangement-prosjekt i 2016