Ny heimeside

Biblioteket har fått ny heimeside. Sida er laga i wordpress og er mobiltilpassa og universelt utforma. Alle biblioteka i Hordaland får no ny heimeside i samarbeid med Fylkesbiblioteket i Hordaland. Det er bedrifta Mediebruket frå Førde som har stått for den tekniske løysinga. 

Vi har samla mykje informasjon om biblioteket sine tenester, og vi håper du vil ha nytte av denne splitter nye heimesida. Kanskje du vil oppdage nye tenester du ikkje visste vi hadde… På heimesida vil du også finne nyhende og informasjon om arrangement.

Vi set alltid pris på tilbakemeldingar slik at vi kan bli betre, så fortell oss gjerne kva du syns om heimesida neste gong vi ser deg, eller svar på ei kort undersøking om heimesida her