Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Lokalhistorie > Kvinnheradsforfattarar > Veronica Erstad

Veronica Erstad

Veronica Erstad (f.1979) kjem frå Rosendal. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø og forfattarstudiet i Tromsø. Ho debuterte på Samlaget med diktsamlinga «Eg er så nær morgonen eg kan kome» i 2015.

I denne diktsamlinga blir lesaren med til eit draumeaktig landskap. Her etablerast ei enkel scene med to hus i ein skog ved havet, og to naboar i desse husa. Men grensene uklåre – mellom dyre- og menneskeliv, årstider, draum og røyndom. Ord og setningar brytast ned og blir bygde opp på heilt nye måtar.

I 2015 kom også den første barneboka » Kattejenta» som er ei fin høgtlesingsbok om vener og katter og det å ville bestemme sjølv. Kattejenta er gitt på på Cappelen Damm. I 2018 kom romanen » Av meg er det mange» på Samlaget.