Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Lokalhistorie > Kvinnheradsforfattarar > Ragnvald Vaage

Ragnvald Vaage

Ragnvald Vaage (1889-1966) vart fødd og budde mest heile sitt liv på Våge på Sunde i Kvinnherad, der han dreiv gard attåt skrivinga.

ragnvaldvaage-219x300

Seksten år gamal tok Ragnvald Vaage seg arbeid i Bergen, og drog seinare på sildefiske. I 1906-1907 gjekk han to år på Voss folkehøgskule, før han drog til Jæren og lærte seg jord- og hagebruk. I 1912 drog han til Tyskland og arbeidde som gartnar på ein stor gard, samstundes som han noko seinare tok utdanning på Askov Højskole i Danmark. Utdanninga og reisene danna grunnlaget for hans seinare verksemd som ein samfunnsengasjert folketalar med røter i Hordaland Ungdomslag.

Mellom debuten i 1912 og til den siste boka kom ut i 1965 skreiv Ragnvald Vaage 20 bøker – sju diktsamlingar, barnebøker, romanar, fortellingar og noveller. I dag vert han nok hugsa best for barnebøkene, særleg «Gutane paa Tedneholmen» (1923) som var den første barneboka han skreiv. Hovudpersonen er den 12 år gamle Torvall, som slit med å riva seg laus frå barndommen og tre inn i vaksenlivet i eit trangt bygdemiljø. Freistnaden på å byggja sin eigen båt mislukkast. I bøkene «Den forunderlege vegen» (1949) og «Den gode sumaren» (1955) er det sin eigen barndom han krinsar om. Bøkene hans har gjerne ein god moral, med eit nært tilhøve til Gud.

Ståle Kyllingstad laga ein statue av Ragnvald Vaage som vart avduka ved brua på Sunde i 1979. Lars Amund Vaage har sagt om farfaren at han var «ein stillferdig og smilande mann som skreiv triste bøker”. Komponisten Knut Vaage er også eit barnebarn av Ragvald Vaage. Knut Vaage har sett melodi til fleire av bestefaren sine dikt.

Les meir om Ragnvald Vaage på allkunne.no

Digitaliserte bøker av Ragnvald Vaage på Nasjonalbiblioteket