Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Lokalhistorie > Kvinnheradsforfattarar > Per Olav Kaldestad

Per Olav Kaldestad

perolavkaldestadforfattarsentrum-300x257
Foto: Norsk forfattarsentrum

Per Olav Kaldestad (f. 1947) vaks opp på Husnes og debuterte som lyrikar i 1973 med samlinga «Kikkert». Forfattarskapen hans spennar vidt, frå barnebøker til gammalengelske sonettar og ramsalt krim. Litterært er det gjerne likevel i tematisk sett moderne dikt som er skrivne i bundne, ofte klassiske strofeformer at Kaldestad peikar seg ut som ein diktar av rang, det gjer han også som gjendiktar av poetar som D. H. Lawrence, W. H. Auden og William Shakespeares «Sonettar og songar» (2002).

Dei fleste vil setja Kaldestad i samband med barnelitteratur – både hans eigne barnebøker og som redaktør for Årboka Litteratur for barn og unge. Nemnast må også reisebøkene han har skrive i lag med Dag Helleve og Ragnar Hovland, og essays om litteratur som er samla i bøkene «Glade bodskapar» (1987) og «Den nye lyrikken» (1996).

Per Olav Kaldestad har i tillegg til forfattarskapen også lagt ned ein stor innsats i forskjellige litterære organisasjonar og foreningar, m.a. som styreleiar i NBU frå 1996 til 1998, styreleiar i Nettverket Ord & Bilde frå 1999 til 2010, og som sitjande styreleiar i Norsk Forfattarsentrum (frå 2011).