Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Lokalhistorie > Kvinnheradsforfattarar > Jens Tvedt

Jens Tvedt

Jens Tvedt (1857-1935) vart fødd i Omvikdalen og debuterte i 1885 med novellesamlinga «Inn i fjordarne». I åra som følgde kom det ein jamn straum av bøker, samstundes som Jens Tvedt arbeidde som lærar og seinare bibliotekar i Stavanger.

Jens Tvedt

Bøkene hans er prega av ein lun forteljarmåte, og skildringane er breitt anlagt, med utgangspunkt i den levande tradisjonen i heimbygda. Det er såleis gjerne Vestlandsbøndene og deira kår som dannar bakteppet og ofte er tekne på kornet i bøker som «Vanheppa» (1891) og framhaldet «Brite-Per» (1895), samt «Godmenne» (1893). Ein finn også ein makalaus komikk i forteljinga om «Madli und’ Apalen» (1900), som fekk eit framhald med «Guds Løn» (1906).
Bøkene til Jens Tvedt vart godt mottekne av lesarane, sjølv om kritikarane var noko lunkne til særleg dei seinare bøkene hans. I 1912 fekk Jens Tvedt kunstnarløn. Ein byste av Tvedt, utført av S. Kyllingstad, vart avduka utanfor det dåverande biblioteket i Stavanger i 1932.

Les meir om Jens Tvedt i denne artikkelen frå lokalhistoriewiki.no

Digitaliserte bøker av Jens Tvedt på Nasjonalbiblioteket