Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Lokalhistorie > Kvinnheradsforfattarar > Hans Sande

Hans Sande

Foto: CappelenDamm
Foto: CappelenDamm

Hans Sande (f. 1946 i Bergen) har skrive kanskje nokre av dei mest sprelske bøkene som har kome frå Sunnhordland, iallfall frå Kvinnherad. Hans Sande er psykiater og arbeidde i mange år som lege på Valen sjukehus, og har også gjort seg gjeldande som kunstnar. Sande vart lagt merke til allereie som debutant, då han fekk Tarjei Vesaas´ debutantpris for lyrikkboka «Strime». Sidan har det kome kring 40 bøker, både romanar og diktsamlinger, men aller mest bøker for born og ungdom der han ofte «tek det heilt ut» med sine oppfinnsamme fabuleringar. Fleire av bøkene har han illustrert sjølv.

Ta turen innom heimesida til forfattaren og la deg inspirera