Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Lokalhistorie > Kvinnheradsforfattarar > Anne Karin Fonneland

Anne Karin Fonneland

Anne Karin Fonneland (f. 1956) er frå Sunde, der ho også bur i dag. Til dagleg underviser ho i norsk og samfunnsfag ved Kvinnherad vidaregåande skule.

Foto: Terje Fonneland
Foto: Terje Fonneland

I 1996 debuterte ho med diktsamlinga «Marmormjølk», der eit gjennomgåande tema er menneskesinnet som kjem på kollisjonskurs med utanforliggjande krefter. Seinare har ho følgd opp med fleire lyrikksamlingar som alle har hausta gode kritikkar. I tekstane hennar handlar det ofte om dei grunnleggjande kåra i menneskelivet, der det vert gjeve ord til det ordlause. I «Kvit, og som vind» (2004) skriv ho dikt om alderdom i den siste livsfasen på institusjon. Nemnast må også «Stemma mi er her» (2008), som inneheld dikt og bilete frå baroniet i Rosendal, men med eit vidare perspektiv.

Fonneland har også skrive og medverka til bøker for born, i antologiane «Heltane er mette» (1996) og året etter i «Under påskemånen». I 1998 kom oppfølgjaren «Sju-ni-tretten», om ei klasse på sju elevar som no skal få ein ny elev.

Apalgard av Fonneland

i 2014 debuterte ho som romanforfattar med «Apalgard» Det er ein roman om korleis vi havnar i relasjonar og korleis vi fell ut av dei att, om psykologi og filosofi, arv og miljø, kjønnsrollemønster og klimautfordringar, og om naturen som omgjev oss. «Apalgard» er ein roman om det som avgjer vala våre og formar dei liva vi lever.