Anders Totland

Altmulegmannen Anders Totland er både forfattar, journalist, kokk, gartnar og bloggar. I 2016 debuterte han som forfattar med heile to bøker. Først kom barneboka "Vampyrane i Eplehagen" og like etterpå kom ungdomsboka "Engel i Snøen"

Foto: Mari Mehl/Grenda

Begge bøkene har fått mykje merksemd, men særleg ungdomsboka «Engel i snøen» har fått strålande kritikker. Denne boka var faktisk den einaste ungdomsroman på nynorsk som var på vårlista til forlaga i 2016. Anders hadde lanseringa av ungdomsboka på biblioteket like før påske i 2016 der elevar frå Husnes ungdomsskule fekk sjå Anders  spele piano og lese og fortelje frå boka.

I 2017 kom den andre ungdomsboka, «Så lenge ingen ser oss», og på hausten kom kokeboka «Digg»  I  2018 ga han ut fagboka «Den norske slavehandelen» og ungdomsboka Nedteljing.

Den svært produktive forfattaren kjem ut med heile 3 bøker hausten 2019. Han debuterer som vaksenbokforfattar med romanen «Vintertonar». I tillegg kjem barneboka «Ut i  rommet» og faktaboka «Nattmannen» ut.