Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Bokbussen > Lånekort

Lånekort

Det er viktig at alle har med lånekort på bokbussen. Alle som vil kan få lånekort. Skjema for lånekort kan du få på biblioteket eller på bokbussen. Eller du kan laste det ned frå denne sida. Barn under 14 år må ha underskrift frå føresette for å få lånekort. Det er føresette som er ansvarleg for kva barnet låner, uansett om det er på hovedbiblioteket på Husnes eller på bokbussen. Det er derfor viktig at føresette set seg inn i lånereglane. Det finns mange måter føresette kan ha kontroll på kva barnet har lånt – spør oss på biblioteket så viser vi.

Skjema for bibliotekkort– skriv gjerne ut og lever på biblioteket eller bokbussen, så får du eit bibliotekkort. Merk: personar under 14 år må ha underskrift av føresette

Bibliotekkort INNMELDING BARN

Bibliotekkort INNMELDING VAKSNE pdf

Lånereglane – gjeld både på biblioteket på Husnes og på Bokbussen

  • Bibliotekkortet er gratis for alle..
  • Vis legitimasjon ved innmelding
  • Du kan velje mellom eit lokalt og eit nasjonalt lånekort. Det lokale kan du berre bruke på Kvinnherad Bibliotek, medan den nasjonale kan du bruke over heile landet. Skal du ha nasjonalt lånekort, må du opplyse om personnummeret ditt.
  • Alle personar under 14 år må ha underskrift frå føresette for å få bibliotekkort.
  • Hugs å melde adresseendring
  • Misser du lånekortet, kostar eit nytt 25,-

Lånetid

  • Lånetid for bøker, lydbøker og tidsskrift er 4 veker. Dvdar kan du berre låne 1 veke.
  • Du kan fornye alle lån dersom det ikkje er venteliste. Det kan du gjera på telefon (53 48 27 70), på heimesida (www.kvinnheradbibliotek.no) eller via appen «Bibliofil».
  • Dersom du ikkje held lånetida, vert det gebyr og eventuelt erstatningskrav. Purregebyret  er på kr 25,- per varsel for lånarar over 14 år. Når samla purregebyr er på kr 100,- vert lånekortet sperra til gebyret er betalt. Etter 3. purring vert det sendt rekning.