Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Bokbussen > Informasjon til skular og barnehagar

Informasjon til skular og barnehagar

Bokbussen vitjar 16 skular og 14 barnehagar i Kvinnherad kommune. For å legge til rette for eit godt tilbod, er biblioteket avhengig av eit godt samarbeid med skule og barnehage.

Bokbussruta vert revidert to gongar i året. Alle skular og barnehagar får tilsendt ny rute til gjennomlesing med dato for tilbakemelding.
Etter denne datoen er det ikkje mogeleg å endra ruta før ved neste revidering.

Bruk bokbussen.

Det er trangt på bokbussen. For å få utnytta tida best mogeleg, er det ein fordel at de organiserer dykk i grupper og har med lånekort.

Bokkassar.

Me tar gjerne imot tingingar av bokkassar og leverar på skule/barnehage. For å sikra dykkar ynskje i størst mogeleg grad, er det lurt å tinga i god tid.(Minimum tre dagar før levering.)

Ver venleg å gje beskjed dersom de skal på tur / utflukt den dagen bokbussen skal koma.

Då slepp me å koma til tomt hus.