Bokbussen

No er endeleg den nye bokbussen på plass! Sjekk ut bokbuss-ruta for når bokbussen kjem til deg. NB i veke 40 og 42 er det endra ruter grunna turné på bokbussen. Då kan det hende at at nokon stopp går ut eller vert forkorta. Det vil i desse to vekene bli liten grad av vanleg utlån på bussen.

Bokbussruta hausten 2020

Smittevern på bokbussen: 

  • Alle som besøker bokbussen, må vere friske og utan symptom på Covid-19
  • Avstand: minimum 1 meter
  • Personalet på bokbussen må halde avstand til brukarane
  • Alle må vaske seg med antibac når dei kjem inn i bussen
  • Max 4 personar på besøk i bussen samtidig. For elevar i barneskulen må ein av desse vere ein vaksen.
  • Max 10 minutt besøk pr. gruppe
  • Ta på minst mogeleg, bruk augene først
  • Skulane organisere gruppene sjølve.
  • Smittesporing: Gruppene som kjem inn må ha med seg ein lapp med namn og telefonnummer på dei som besøker bokbussen. Lappen skal leverast på bokbussen.

 Personalet på bokbussen fører protokoll over kven som besøker bokbussen.

  • Kontaktflater vert reingjort av personalet på bokbussen.

Om bokbussen

Bokbussen er eit bibliotek på hjul. I tillegg til bøker, vil det etterkvart bli kulturtilbod ute på bussen. Bøker du ikkje finn på bokbussen, kan bibliotekaren skaffa. Alt utlån er gratis og vanleg lånetid er 4 veker. Lånetida kan forlengjast dersom ingen andre står på venteliste. Lånekort får du på bussen. Det same kortet kan brukast på biblioteket på Husnes. Hugs å ta med kortet kvar gong du vil låne. Bokbussen har eigne åpningstider som følgjer bokbussruta (sjå link i sidemenyen til venstre).

Bokbussen er innom 16 skular og 14 barnehagar. Den har også fleire stopp i dei ulike bygdesentra i kommunen. Bussen bringer og henter depot av bøker og lydbøker på aldersheimar og helsestasjonar. Bokbussen i Kvinnherad har eit veldig høgt utlån, i gjennnomsnitt 3000 pr månad den er på vegen. I 2015 hadde  den eit utlån på over 33 000.  Bokbussen følger skuleruta og køyer dermed ikkje i skuleferiane. Besøket i dei månadane den er på vegen er ca  1600 pr månad. Kvinnherad kommune er ein stor og langstrakt kommune, og er som skapt for bokbussdrift. Det er ingen filialar igjen. Det er kun hovudbibliotek på Husnes og bokbussen som gir alle bygdene eit bibliotektilbod.

Tinging av Bokbussen til ulike arrangement.

Bokbussen kjem gjerne på festival. Ynskjer du å ha Bokbussen til stades på ditt arrangement, ta kontakt med Kvinnherad bibliotek på telefon 53 48 27 70 eller e-post