Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Arrangementer > Vestlandshus
22.11.2021 Kl. 18:00
Vestlandshus
Arrangement
Dato / tid
22.11.2021, 18:00, - 19:00

Ei ny bok av Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth fortel om vestlandske våningshus. Det handlar først og fremst om lemstova, bustadhuset som i løpet av 1800-talet vart vanleg gardshus og landemerke på tuna her vest ilag med den raude løa. Dei to har reist frå Jæren til Sunnmøre på leit etter lemstover i ulike variantar. Desse bustadhusa er skattkister fulle av kunnskap om korleis folk før oss bygde og levde.

Boka gjev også ein tilstandsrapport: Det minkar på lemstovene, mange vil riva hus som står til nedfalls. Andre tek vel vare på gamlehuset sitt og dei som treng meir plass, utvidar gjerne med eit nytt og moderne tilbygg.

Boka Vestlandshus – våningshus frå Jæren til Sunnmøre kom ut på Skald forlag i haust. No tek Røyrane og Apneseth nye reiser, til biblioteka denne gongen, for å fortelja om vestlandshusa og om reisa til lemstovene.

Tilskipinga er i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Folkeakademiet Hordaland.