Sommarlesfest

Sommarlesfest

Arrangement

Alle som har deltatt i sommarles er invitert på sommarlesfesten. I tillegg til teater vert det også trekking av premier.  

Dato / tid
04.09.2019, 17:00 - 18:00


Oldefars ulveskinnspels er ei solo figurteaterframsyning basert på biletboka med same namn, der vi følgjer forfattaren Adele Lærum Duus inn i det store gamle huset på leiting etter historia om oldefar som var doktor i gamle dagar.

Gjennom skyggespel, figurteater, luker som vert opna, film, musikk og forteljing, vert vi kjende med oldefar og den myndige kona hans Olly.

Adele Lærum Duus er skodespelar, figurspelar, forfattar og litteraturformidlar frå Bergen. Ho er cand.philol. i litteraturvitskap og driv sitt eige vesle teater- og litteraturformidlingsfirma: «Lys levende Adele», der ho særlig har barn som målgruppe. Ho har base i Bergen, og har reist rundt i Sør-Norge med framsyningar og formidlingsopplegg sidan 2005.

Dette arrangementet er ein del av markeringa av Bokåret 2019 og er i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Gratis