Ruter og lus- Retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik

Ruter og lus- Retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik

Arrangement

Vel møtt til strikkekveld på biblioteket. Hanne Dale og Siri Gamborg frå Norsk Trikotasjemuseum fortel om museet si nye strikkebok, Ruter og lus - Retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik.

Dato / tid
23.01.2019, 18:00


La deg inspirere av gamle mønster frå ein av dei første norske tekstilfabrikkane, Salhus Tricotagefabrik utanfor Bergen. Her strikka strikkemaskinene i over 130 år opp metervare som vart til islendarar og tjukke ullgenserar. Genserane varma godt og hadde flotte mønster med enkle geometriske former. I boka har vi latt oss inspirere av mønsterarkivet til fabrikken, og saman med gode strikkedesignarar har vi laga nye oppskrifter på plagg du kan strikke for hand. Tradisjonelle islendarar og arbeidstrøyer fått nytt liv som genserar, jakker, kjolar, interiørstrikk og tilbehøyr.
Ta gjerne med strikketøyet!