AVLYST. Møt forfattaren Atle Berge

AVLYST. Møt forfattaren Atle Berge

Arrangement

27. mars er det 40 år sidan Alexander Kielland-ulukka. Bokbadet med Atle Berge er det andre arrangementet der biblioteket set fokus på ulukka.

Dato / tid
30.03.2020, 18:00 - 19:00


Romanen «Puslingar» av Atle Berge er ein drivande god roman om dei dramatiske åra i Noreg i 1980-åra. Møt Atle Berge i samtale med biblioteksjef Trude Hege Bergesen.
Bill: 100,-

«I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje. Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta. Skal ikkje nokon stillast til ansvar for at 123 oljearbeidarar mista livet på jobb? «Puslingar» gir innblikk i ungdomstid og framtidsdraumar prega av ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra.» (Omtale frå Samlaget)

Her kan du lese meir om ulukka.