Historie og krim med Hans Olav Lahlum

Historie og krim med Hans Olav Lahlum

Arrangement

På dette todelte arrangementet får ein høve til å bli kjent med både krimforfattaren og historikaren Lahlum.

Dato / tid
07.11.2019, 12:00 - 13:00


Hans Olav Lahlum er krimforfattar og historikar. Som historikar har Lahlum primært konsentrert seg om politikk med biografiar om norske politikarar som Oscar Torp og Haakon Lie. I tillegg har han skrive om amerikanske presidentar og britiske statsministrar. Som krimforfattar er han kjent for dei 9 bøkene om detektivparet «K2» og Patricia. 

Dette todelte føredraget varer ca. 1 time, med ca. 30 minutts presentasjon av kvar bok. 

Dette arrangementet er ein del av markeringa av Bokåret 2019 og er i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. 

Gratis