Grønnarare kvardag

Grønnarare kvardag

Arrangement

Miljøforedrag med Kristine Ullaland frå Zero Waste Norge.

Dato / tid
23.11.2020, 18:00 - 19:00


Kan vi leve utan avfall? Avfall er noko vi gjerne tenke er ein naturleg bi effekt av å vere menneske. Kvar og ein av oss kasta over 400 kg kvart år. Sjølv om avfall ikkje er noko nytt har innhaldet endra seg drastisk dei siste tiåra, og den auka avfallsmengda vår har blitt eit symbol på ein dysfunksjonell samfunnstruktur. Kva kan vi gjere med dette? Bli med når biblioteka i Vestland fyl invitera til eit spennande og oppløftande foredrag om Zero Waste, der vi ikkje berre snakka om miljøproblematikken vi står ovanfor, men korleis vi sjølv kan vere ein del av løysinga.
Foredragshaldar Kristine Ullaland gjekk sist ut med restavfallet heime, hausten 2015. Ho står bak Norges første Zero Waste-blogg, Grønare kvardag, og er også stiftaren av bedrifta Zero Waste Norge, som hjelpe tenesteytande næring førebygge og redusere avfall. Arbeidet har fått mykje merksemd nasjonalt og internasjonalt, blant anna frå FN.
Det er begrensa tal på plassar. Sikre deg plass ved å sende ein e-post til bibliotek@kvinnherd.kommune.no eller ring 53 48 27 70
Arrangementet er eit samarbeid med Vestland fylkeskommune