Edvard Hoem - Slåttekarar i himmelen og jordmødre på jorda

Edvard Hoem – Slåttekarar i himmelen og jordmødre på jorda

Arrangement

Edvard Hoem kjem til Kvinnherad bibliotek

Dato / tid
25.11.2019, 19:00 - 20:00


Edvard Hoem debuterte i 1969, og har ein svært stor og allsidig litterær produksjon bak seg: dikt, roman, drama, biografi. I tillegg har han gjendikta fleire stykke av Shakespeare til norsk. Han var i ein periode teatersjef i Molde.

I seinare tid er det bøkene om utvandrarane i Hoem-slekta som har gjort han til ein av dei mest populære samtidsforfattarane i Noreg: Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd. Dei inngår i eit stort krønikeverk som ein kan seie byrja med den sjølvbiografiske boka Heimlandet. Barndom (1985), og heldt fram med Mor og fars historie (2005) og Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren (2018).

Edvard Hoem skal snakke om desse bøkene og alt arbeidet som ligg til grunn for å kunne skrive så truverdig om «liv andre har levd» som han har gjort.

Dette arrangementet er ein del av markeringa av Bokåret 2019 og er i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Gratis