Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Arrangementer > Vindmøllekampen- historia om eit folkeopprør
16.03.2021 Kl. 18:00
Vindmøllekampen- historia om eit folkeopprør
Arrangement

Vel møtt føredrag om den ferske boka «Vindmøllekampen» av Anders Totland. Sidan biblioteket kun kan ha 10 på arrangement, vert no dette arrangementet flytta til kinosalen på kulturhuset.

Dato / tid
16.03.2021, 18:00, - 19:00

Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945.

Etter å først ha sett det store engasjementet heime i Kvinnherad, som utløyste heile bokprosjektet, har Anders Totland reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra.

Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut – år etter år?

Hugs å kjøpe billett: 50,-  Billetter til arrangmentet i kinoen