Category: Uncategorized

Takeaway-bibliotek

Grunna tiltak for å redusere koronasmitte er biblioteket stengd. Men vi har fått løyve frå smitteverngruppa i kommunen til å tilby take away-tenester frå biblioteket. No kan vi låne ut bøker, filmar, tidsskrift trass i stengte dørar!

Les meir »

Turliv i koronatid

Korleis kan vi piffe opp nærturen, og har du tenkt på at du ikkje bør bruke turpostkassane akkurat no? Her får du tips om turliv for tida vi er i, med aktuelle appar og anna.

Les meir »
vårteikn

Les eit dikt!

I krisetider kan det poetiske språket få ein særleg funksjon for å beskrive det vi kjenner. 21. mars er Verdas poesidag. Her får du tips til poesi om å vere åleine saman, og om vennlegheit og vilje til å ta vare på kvarandre. Dikta finn du mellom anna i Nasjonalbiblioteket si digitale Bokhylla.

Les meir »
Les eit dikt!

Biblioteket sine digitale tenester

Biblioteket har fleire digitale tenester. Alle tenestene våre er gratis og open for alle å bruke. Sjekk ut kva vi har, og ikkje ver redd for å spørje om hjelp. Vi hjelper gjerne.

Les meir »
Biblioteket sine digitale tenester

AVLYSTE arrangement grunna Corona-viruset

Biblioteket må avlyse/utsette to arrangement denne veka. Open informasjonskveld om Kosthald og psykisk helse som skulle vore på torsdag kl. 17:00 vert utsett på ubestemt tid. Tutomaten med Teater Joker på fredag vert avlyst. Vi veit ikkje om Tutomaten vert satt opp på nytt seinare.

Avlysinga er gjort etter råd frå kommuneoverlegen.

Les meir »
AVLYSTE arrangement grunna Corona-viruset

Mange unge ser skadeleg innhald på nett – kva gjer vi?

Ein av fire norske ungdommar mellom 13-18 år har sett skadeleg eller valdeleg innhald på nett det siste året. Kva kan vi vaksne gjere for å hjelpe dei unge til å bli trygge og kritiske mediebrukarar? – Vis interesse, er det sterkaste rådet.

Les meir »
Mange unge ser skadeleg innhald på nett - kva gjer vi?

Opningstider jule- og nyårshelga 2019

Måndag 23.12. Klokka 10.00 - 15.00
Julafta, 1.juledag og 2.juledag Stengt
Fredag 27.12.Klokka 10.00 - 15.00
Laurdag 28.12 Klokka 10.00 - 14.00
Måndag 30.12. Kl. 10.00 - 15.00
Nyårsafta Stengt
Nyårsdag Stengt
Meirope som vanleg Kl. 08.00 - 22.00

Les meir »

Brukarundersøking 2019

Hjelp oss å bli betre. Svar på brukarundersøkinga til biblioteket. Tusen takk for hjelpa. Den er gull verdt. Trykk på lenka under for å svare

Les meir »
Brukarundersøking 2019

Digitale kjelder i lokalhistorisk arbeid

Interessert i å granske slekt eller lokalhistorie? Sverre Halleraker har forska i og skrive om lokalhistorie over fleire år. Her får du tipsa til kjelder han brukar og korleis han går fram, for å jakte på innsikt i levekåra og enkeltskjebnane bak tala og skriftene.

Les meir »
Digitale kjelder i lokalhistorisk arbeid