Les for andre

Har du lyst til å verte Leseombod?

Eit leseombod les for nokon som slit med å lese sjølve. Det kan vere eldre, personar som har demens eller ei utviklingshemming, folk som kan lite norsk eller som sit i fengsel. Nokre leseombud er ansett ved ein instutisjon, andre er frivillige som kjem på besøk. Som leseombod får du ein startpakke fra «Leser søker bok» med lesetips. Det er vanleg at leseomboda les til ei fast tid kvar veke.

Som leseombod gjer du gode opplevingar til menneske, og opnar opp for viktige samtalar for deg og den du les for!

I Kvinnherad har vi for tida leseombod på fleire institusjonar, som m.a. Halsnøytunet og Husnestunet. Vi ynskjer også leseombod som kan lese for innvandrarar, blinde og svaksynte og psykisk utviklingshemma.  Det er heile tida behov for nye leseombod, så har du lyst til å bidra, ta kontakt med biblioteket. Du vel sjølv kven du vil lese for, kor mykje- og ofte du vil lese!

I Boksøk finn du Noregs største samling av lettleste og tilrettelagte bøker. Bøkene er delt inn i 6 forskjellege kategoriar, med kva sin fargekode. Det gjer det enkelt å finne ei god bok anten du har dysleksi, er ny i Noreg eller har ei funksjonshemming som gjer vanlege bøker tunge å lese.

«Leser søker bok»
Er ei foreining som hjelper forlag, forfattarar og illustratørar med å lage bøker som er lettleste og tilrettelagte. 30% av alle vaksne i Noreg slit med å få med seg innhaldet i ein vanleg tekst. Målet er at alle skal kunne lese og ha glede av gode bøker  – uansett lesenivå. Ingen skal vere utestengt  fra gleden av å lese ei god bok!

Kontakt: post@lesersokerbok.no

Telefon: 22 54 75 00