Kinotek – gratis filmvisningar

Snurr film på biblioteket!

I Kinoteket kan du sjå film gratis. Antan på fast oppsette visningar eller du kan låne salen til private visningar (ein må vere minst 2 personar).Barnehagar, skuleklassar og eldresenter og andre grupper er også velkommen til å booke rommet for gruppevisningar.

Ta kontakt med biblioteket for å leige Kinoteket.

Du kan sjå både spelefilmar, dokumentarfilmar, fagfilmar, kortfilmar, historiske filmar og nostalgiske reklamefilmar.Vel film fra vår fysiske samling eller frå filmbib.no. Faste filmvisningar som er ope for alle vert kunngjort her på heimesida og på Facebook. Følg med!