Lesesirklar

Glad i å lese? Lyst til å dele leseopplevingane dine med andre? Bli med på lesesirkel!
Lesesirklane på biblioteket er ein uformell møteplass for vaksne som likar å lese bøker. Det er gratis å delta og vi spanderar kaffe - vel møtt!

For tida har vi 5 aktive lesesirklar som vi gjer lesetips og lånar ut bøker til. 2 av dei er aktive på biblioteket, medan dei andre er spreidd utover i kommunen. Lesesirklane på biblioteket møtast kl. 17.30 på tysdag eller torsdag ca. ein gong i månaden.

Datoer hausten 2018:

Tysdagsringen møter på biblioteket kl. 17.30: 11/9,  2/10,  6/11 og 4/12. 

Torsdagsringen møter på biblioteket kl. 17.30: 6/9,  4/10,  1/11,  og 6/12. 

Ta kontakt dersom du vil starte opp ein eigen sirkel eller vil melde deg inn i ein av dei eksisterande. Send e-post til: anita.larsen@kvinnherad.kommune.no  eller ring 53 48 27 70