Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Digital vandring i musea

Digital vandring i musea

AKTUELTpublisert 01.12.2020

På jakt etter mønster til nostalgiske julebroderi eller oppskrift på å støype lys sjølv? Ta ein titt i DigitaltMuseum.

DigitaltMuseum finst ei rekkje store og spanande samlingar frå musea i Noreg. Målet er at samlingane skal vere lett tilgjengelege for alle interesserte, til både privat undersøking, studiar, undervising og felles kunnskapsbygging. Her finn du søketips for DigitaltMuseum.

Hjelp til juleførebuingane

I adventa kan ein få lyst å kikke nærare på julefeiring før i tida. I artikkelserien Juleforberedelser frå Borgarsyssel Museum i Østfold, finn du mellom anna ut korleis dei støypte lys og brygga øl som ein del av juleførebuingane. Eller kva med å lese om nissesagn frå Hvaler, frå Kystmuseet Hvaler?
Utstnitt frå DigitaltMuseum

Du kan til dømes finne mønster til gamaldagse julebroderi på DigitaltMuseum.

Synst du det er gøy med gamaldagse broderimønster? Om du søker på «broderimønster jul» finn du ei heil samling med julemønster du kan laste ned frå Hordaland museumssenter.

Om du søker på julekort, kan du sjå nostalgiske julekort frå fleire museum i landet.
Eit søk på advent i samlinga av foto, gir deg også mange fine stemningar frå advent i ei anna tid.
Sjå også samlinga av julekalendrar her.

DigitaltMuseum er utviklet av KulturIT og støtta av Norsk kulturråd. Nettstaden er stadig under utvikling og nye funksjonar kjem fortløpande. DigitaltMuseum finst i Noreg og i Sverige:
digitaltmuseum.no
digitaltmuseum.se

I tillegg kan du sjå alle objekta frå både Noreg og Sverige her:
digitaltmuseum.org