Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Vellukka turné for professor Nesegrehv

Vellukka turné for professor Nesegrehv

AKTUELTpublisert 27.10.2020

I dei to vekane før og etter haustferien var professor Nesegrehv på forskningsturné med bokbussen til 11 av barneskulane i kommunen.

Der gjorde han mange interessante funn av sin store interesse: luskedyret. På dei fleste skulane kunne elevane i 1.-4.klasse rapportere om fleire observasjoner, og når professoren så teikna luskedyret etter ungane sine instruksjonar, kan ein fastslå at det finst mange ulike luskedyr i kommunen, og her er det sikkert store mørketal.

Det er Adele Duus som gir liv til professor Nesegrehv og turneen har bakgrunn i at den nye bokbussen skal vere eit bibliotek og ikkje «berre» ein bokbuss.

Resultata av professor Nesegrehv sine funn er utstilt på biblioteket.