Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Pålogging i Bookbites via Feide

Pålogging i Bookbites via Feide

AKTUELTpublisert 28.09.2020

Alle skuleelevar i Kvinnherad har frå no av tilgang til å bruke Feide som pålogging i staden for lånekort og pin-kode i Bookbites.

Etter ein periode med heimeskule i vår, så kan dei fleste skuleelevane Feidepålogginga si. No er det mogeleg å bruke den i staden for lånekort og pin-kode for å logge på Bookbites. Bookbites er ein utlånsapp for e-bøker og e-lydbøker. Den kan lastast ned til mobilar og nettbrett med Android og iOS operativsystem.

I Bookbites kan du lese både e-bøker og lytte til e-lydbøker- heilt gratis.

Kvinnherad bibliotek har også kjøpt inn fleire e-lydbøker både for barn og vaksne i vår, så utvalet vert betre og betre.

Les meir om Bookbites

Ta kontakt med biblioteka i Kvinnherad bibliotek om ein har spørsmål.

bibliotek@kvinnherad.kommune.no eller 53482770