Biblioteket opnar igjen tysdag 7. juni

Aktuelt   

Velkommen til sommarbiblioteket.

I første omgang vil biblioteket hovudsakleg vere ope for inn- og utlån av bøker. Du kan kome og låne sommarbøkene dine og hente premiar til Sommarles til dømes. Men ein del andre tenester vil verte redusert, det gjeld til dømes utskrifter, bruk av publikumsmaskiner, Ipader, og avislesing.  Tenester som krev nærkontakt med publikum vil vi ikkje kunne gi. Publikum som treng rettleiing, kan få dette på telefon eller videomøte.  

Smittevern 

Alle som besøker biblioteket må vere friske og utan symptom på smitte. Hald god avstand til kvarandre. I tillegg må alle vaske/sprite seg når dei kjem inn i biblioteket, og før dei bruker utlånsautomaten og liknande. Vi har sett fram antibac rundt om i biblioteket. I tillegg kan vask på publikumstoaletta nyttas.  

 

Biblioteket opnar igjen med desse sommaropningstidene 

Måndag: Stengt 

Tysdag: 10-16 

Onsdag: 10-16 

Torsdag: 10-16 

Fredag: 10-16 

Laurdag: 10-14  

Meirope bibliotek er enno ikkje ope

 

Bestill gjerne på førehand 

Sidan før påske har vi hatt eit takeaway-tilbod til lånarane våre, noko som har ført til at vi har utvikla  gode smittevernrutinar. Vi vil oppmode publikum om halde fram med å bestille på førehand, slik at dei oppheld seg så kort tid som råd i biblioteket. 

Handtering av bøker 

FHI vurderer at risikoen for å bli indirekte smitta av bøker er låg, og det å iverksette tiltak som å sette bøker i karantene eller reingjere materialet på grunn av covid-19 ikkje er naudsynt. https://bibliotekutvikling.no/2020/04/22/anbefaling-til-bibliotek-fra-fhi/ For å vere på den sikre sida, vel vi likevel å halde på at bøker som vert levert inn skal ligge tre dagar i karantene før dei vert gjort klar til nytt utlån. Dermed kan det bli noko venting før du får det du har bestilt.  

Vi har opna opp for fjernlån igjen, men det kan vere vanskeleg å få låne ein del bøker sidan mange bibliotek framleis har stengt fjernlånet sitt. Så ver tolmodig.