Takeaway-bibliotek

Aktuelt   

Grunna tiltak for å redusere koronasmitte er biblioteket stengd. Men vi har fått løyve frå smitteverngruppa i kommunen til å tilby take away-tenester frå biblioteket. No kan vi låne ut bøker, filmar, tidsskrift trass i stengte dørar!

Sånn fungerar det:

Du tek kontakt med oss med dine ynskjer. Vi lager klar ein pose med bøker/filmar/tidsskrift som du kan hente utanfor biblioteket til avtalt tidspunkt. Du får ein SMS når du kan hente.

Du kan velje enkelttitlar, men vi kan også lage bokpakkar til deg, t.d. morosame og spennande bøker til 10-åring, hagebøker og krim til påska. Det er ikkje mogeleg å fjernlåne no under koronakrisa. Dermed er det berre bøker som står på biblioteket i Kvinherad du kan låne. 

Du kan også logge deg på biblioteket sine nettsider, https://kvinnherad.bib.no/cgi-bin/m2  søke etter kva vi har og reservere der.

 Det er utlevering av bøker mellom 12-14 måndag til fredag. I påskeveka kan du hente bøker måndag og tysdag. Vi vil halde fram med tenesta også etter påske, om situasjonen er den same.  

Utkøyring:

For grupper som ikkje er så mobile, bur langt unna eller sit i karantene kan vi tilby levering av bokposer på døra. Det vert levering etter kapasitet avhengig av kor stor pågangen blir.

 

Kontaktinformasjon:

Epost til bibliotek@kvinnherad.kommune.no

Send ei melding til Kvinnherad bibliotek i Messenger

Ring oss på 53 48 27 70

Smittevern

Tiltaket er godkjent av kommuneoverlegen. Vi vil ta omsyn til smittevern og ha god handhygiene. Det same gjeld ved innlevering av bøker. Bøker/filmar/tidsskrift som blir levert inn vil vera i karantene i ei veke for å vera heilt sikker på det ikkje er smittefare i materialet lenger. Av omsyn til smittevern vil bøkene bli levert deg på utsida av inngangsdøra.