Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Bli med på Sommarutstilling

Bli med på Sommarutstilling

AKTUELTpublisert 16.01.2020

Karin Bøe, som driv med tekstilkunst, og biblioteksjef, Trude Hege Bergesen, inviterer deltakarar til kunstutstilling.

For mange år sidan arrangerte kunstlaget  årleg ei sommarutstilling på biblioteket. Men etter at kunstlaget vart lagt ned,  vart det slutt på denne tradisjonen. No ynskjer altså Karin og Trude Hege å starte opp att Sommarutstillinga på biblioteket.

Kven kan stille ut?

Alle over 18 år som driv med biletkunst, skulptur, performance, installasjonar og liknande kan bidra. Dette er ei salsutstilling, men om du ynskjer å selje, er opp til deg. Leveringsfrist er 2. juni, men høyrer vi ikkje eit pip i frå deg før det, så har vi eit problem. Så difor, ta kontakt med biblioteket så snart du veit om du vil vere med. Utstillinga vert opna med ein staseleg vernisage 13. juni og vert hengande til 15. august.

Bli med då, vel!