Godt nytt år

Godt nytt år

Aktuelt   

Vi vil med dette ynskje alle våre lånarar eit godt nytt år. Og takke for det gamle.

2019 var eit spesielt år for oss på biblioteket, i og med at vår kjære bokbuss måtte pensjonere seg februar 2019, i ein alder av 26 år. Vi venter framleis på den nye bokbussen som er forsinka frå leverandør i Sverige. Men det går framover og vi har stor tru på at den nye bokbussen er på plass no snart. I haust har vi hatt teiknekonkurranse ut til skuler og barnehager om utvendig dekor av bussen, og vi har fått inn mange gode forslag som vi trur vil skape ein sprelsk bokbuss. Vi gler oss veldig til den er på plass.

2019 var også Bokåret. Dette vart markert over heile landet, så også i Kvinnherad. På biblioteket har vi hatt rekord i både tal på arrangementer og publikum på arrangement. Vi har hatt fleire strålande arrangment, med nokre av dei mest kjende forfattarane i Noreg, vi nevner her Hans Olav Lahlum, Edvard Hoem og våre «eigne»;  Lars Amund Vaage og Hans Sande. Takk til Fylkesbiblioteket i Hordaland og Nasjonalbiblioteket for støtte.

For barn har det skjedd mykje spennande, den årlege sommarleskampanjen Sommarles, er som vanleg ein suksees, med stadig fleire deltakarar. Publikum har strøyma til på barneteater, reaggekurs, forfattarbesøk og hobbyverkstader. Det har vore ein fest! Vi har også hatt fleire nye samarbeidsprosjekt med skuler og barnehager, og her vil eg spesielt nemne nyskapinga «barnebokbad» der elevar frå Undarheim bokbada forfattaren Audhild A. Solberg.

Vi gler oss til 2020 og håper det vert like innhaldsrikt som 2019.

Velkommen til oss på biblioteket.