Midlertidige løysingar til bokbuss-brukarane

Aktuelt   

Midlertidige løysingar medan bokbussen er ute av drift:

Sjølv om vi ein periode ikkje har bokbuss, vil vi prøve så godt vi kan å gje service til brukarar på bokbussen.

Skuler og barnehager

Skuler og barnehager kan bestille bøker og bokkassar som før. Vi leverer og henter på skulen.

Institusjonar:

Vi henter og leverer bøker i depot som før.

Privatpersonar

Vi henter og leverer bøker som før. Du kan også bestille bøker som før og hente på næraste butikk. Vi har gjort avtalar med Rådhuset og  nærbutikkar i bygdene der lånarar kan hente reserverte bøker. Du kan levere bøker i bokkassane vi har rundt om kring på nær-butikkane og i Rådhuset.

Her kan du hente reserverte bøker:

  • Rådhuset
  • Spar Halsnøy
  • Spar Hatlestrand
  • Butikken på Ølve
  • Butikken i Åkra
  • butikken på Varaldsøy
  • Lyngnes bensinstasjon
  • Bunnpris Seimsfoss

Boka kjem – nytt tilbod medan vi ventar på ny bokbuss

Kan du ikke koma til biblioteket, kan bøkene koma til deg.

Biblioteket tester ut eit nytt  tilbod  no når vi ventar på ny bokbuss. «Boka kjem» er eit tilbod til dei som av helsemessige årsaker ikkje kan oppsøke biblioteket eller hente på butikk sjølv. Brukarane av dette tilbodet er  i hovudsak eldre og uføre. Vi kjem heim til deg med bøkene og hentar dei  igjen ca. kvar 4. veke. Dette er eit prøveprosjekt.

Du bestemmer kva  bøker du vil låne, og tinger dei på forhand, men vi kan også ta med eit lite utvalg du kan velje i. Ta kontakt om du ynskjer besøk av oss på biblioteket på epost: bibliotek@kvinnherad.kommune.no eller telefon 53 48 27 70