Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Gamlebussen har takka for seg

Gamlebussen har takka for seg

AKTUELTpublisert 06.02.2019

26 år vart den, men no er det stopp for den gamle bokbussen i Kvinnherad. Bokbuss-ruta er innstilt til ny bibliotekbuss er på plass.

Vi rydder ut av gamlebussen ein siste gang.

Det vart stadig nye feil og mangler, og utgiftene til reparasjon steig. Ny bibliotekbuss er bestilt, men leverandør har problem med å levere i tide. Vi håper ny buss er på plass til sommaren.

Sjølv om vi ein periode ikkje har bokbuss, vil vi prøve så godt vi kan å gje service til brukarar på bokbussen.

Skuler og barnehager

Skuler og barnehager kan bestille bøker og bokkassar som før. Vi leverer og henter på skulen.

Privatpersonar

Vi henter og leverer bøker som før. Du kan også bestille bøker som før og hente på næraste butikk. Vi har gjort avtaler med Rådhuset og  nærbutikkar i bygdene der lånarar kan hente reserverte bøker. Du kan levere bøker i bokkassane vi har rundt om kring.

Her kan du hente reserverte bøker:

  • Rådhuset
  • Spar Halsnøy
  • Spar Hatlestrand
  • butikken på Ølve
  • Butikken på Åkra
  • butikken på Varaldsøy
  • Lyngnes bensinstasjon
  • Bunnpris Seimsfoss

Boka kjem – nytt tilbod mens vi ventar på ny bokbuss

Kan du ikke komme til biblioteket, kan bøkene koma til deg.

Biblioteket tester ut eit nytt  tilbod  no når vi ventar på ny bokbuss. «Boka kjem» er eit tilbd til dei som av helsemessige årsak ikkje kan oppsøke biblioteket sjølv, i hovudsak eldre og uføre. Vi kjem heim til deg med bøkene og hentar dei  igjen etter behov. Du kan sjølv bestemme kva slags bøker du vil låne, og tinge dei på forhånd, men vi kan også ta med eit lite utvalg du kan velje mellom. Ta kontakt om du ynskjer besøk av oss på biblioteket.