Eit lauvtre med synlege røter. Foto

Lag ditt eige slektstre

Aktuelt   

Viss du er i gang med slektsforsking, kan det vere kjekt å teikne opp ditt eige familietre. Tenk for ei flott dåpsgåve det kan vere til det nye barnebarnet.

Les artikkelen vår om slektsforsking for nybyrjarar.

Eit slektstre kan styrke interessa di for kvar du kjem frå. Det kan òg vere ei fin gåve å gi til dømes i barnedåp, bryllaup eller når du berre vil glede nokon litt ekstra. Kanskje du også vil lage eit til din eigen stovevegg?

Last ned eit slektstre og fyll det ut for din familie (redigerbar pdf). Opne dokumentet i Adobe Acrobat Reader.

Leieteksten i treet kan redigerast, slik at du kan bruke dialektord eller familieord for relasjonane i familien din. Til dømes «besto» og «besten» i staden for «bestemor» og «bestefar». Språket vårt kan vere med å fortelje kvar me kjem frå. Berre i Hordaland kan det vere lokale forskjellar som viser korleis me har hatt kontakt opp igjennom tidene.

Sjø og handel har påverka korleis me snakkar her i vest, den såkalla skarre-r-en skal mellom anna ha sitt opphav i ein talefeil hjå ein fransk konge. Frå hoffet i Paris spreidde han seg med dåtidas internasjonale kommunikasjonslinjer. Til København på 1700-talet, og litt seinare til Bergen. Den raske spreiinga av skarre-r i Hordaland i dag er eit uttrykk for korleis kontaktane og kommunikasjonslinjene går i vår tid, med raskare og breiare påverknad av språket.

Du kan lese meir om hordamål i denne artikkelen på Grind.no